Nyheter  Tirsdag 4. juni 2024

Vi har vore på kurs om akustikk og kultur!

Ingebjørg og Jørn Sverre (sjå bilde) frå VTKN var på akustikkkonferanse i Nittedal 14. mai, med mange inspirerande og lærerike foredrag om å få til dei beste bygga for det frivillige kulturlivet.

Jorn Sverre og Ingebjorg liggendebilde

Her er nokre hovuddbodskap om bygging av nybygg:

- tydelegare og tidlegare krav til dei som bygger: kva behov brukarane har og kva slags funksjon bygget skal ha - og ha brukarane med i loopen gjennom heile prosessen.

- Tidleg planlegging av konseptuelle valg og optimalisering kostar ein veldig liten prosent av prosjektbudsjettet. Det blir mykje dyrare om ein er seinare ute.

- eigarar, brukarar og byggarar snakkar ikke alltid same språk. Avklar begrep. Finn gjerne ein "tolk" (dei fins!).

- romstørrelse og romform er kjempeviktig for akustikk.

- i tillegg til akustikk bør ein tenke på om rommet blir godt å vere i, mtp luft, konsentrasjon (lite støy frå omgivelsane), lagring og visuell kontakt når store grupper samlas. Blant anna.

Akustikk er en viktig del av trivsel og musikkglede for alle som øver og framfører (og høyrer på!) i det lokale musikklivet. Men kunnskapen om dette er dessverre liten hos de fleste av oss. Heldigvis fins det mykje ressursar! Ta kontakt med oss om du er nysgjerrig, eller les meir på kulturlokaler.no

Thorild Osdalen Jorn Sverre og Ingebjorg

Klart vi må ta selfie med fylkeskommunen! Telemark fylkeskommune var representert v/ Thorild Osdalen. Halvor Strand frå Porsgrunn kommune var også på plass.

Hovudbodskapa om eksisterande kulturbygg/fleirbruksrom var:

- det er ofte enklare og billigare enn ein trur å gjere dårleg egna rom betre.

- ein må ha nokre akustiske prioriteringar - vil ein tilpasse lokaler for sceniske produksjonar og forsterka musikk eller akustisk lydsvak musikk. Justeringar er mogleg, men det er lurt å ha ein hovudprioritet då desse to krev svært ulike ting. Kanskje kan ein heller finne eit anna lokale til den andre aktiviteten? Kartlegging av kva som fins kan hjelpe oss å finne gode lokaler til alt.

- Korps og kor har det betre, og BLIR betre med betre lytting - som ein kan få med relativt enkle akustiske grep i mange kulturrom. Rommet blir også betre for publikum og til andre aktiviteter som skjer i fleirbruksrom (som innebandy, barneleik, utleige til bryllupsfest etc)

- Kulturrom har støtte både til akustikkmåling, akustisk forprosjekt (finn ut kva ein treng for å forbetre lokalet med hjelp frå ekspert) og utbetringar. Vestfold og Telemark er blant dei fylka som søker minst på denne ordninga.

- Fylkeskommunane har også nokre spillemidler til dette (det fekk vi vite av Thorild, som kan informere om at det blir fristilt nokre midler i Telemark som blir søkbare frå 2025. Vestfold har slike midler frå før)

Konferansen handla spesifikt om akustikk. Men det vart også litt snakk om andre spesifikasjoner, som til scenerom og dansegolv. I bakgrunnen av bildet i toppen ser du ein video frå Kulturrom, der Kjell Stundal fortel om det spesialbygde dansegolvet på Nye Sjodar Folkemusikkscene.

IMG 2836
IMG 2839

Dagen blei avslutta med ein nydeleg, heilt akustisk konsert i Kulturverket Flammens flotte sal - som er laga for akustisk musikk, med damekoret Caldera, folkemusikkduoen Folk fra Follo, Håvard Svendsrud og Nordic Voices. Akustisk musikk i gode lytteforhold er altså ganske magisk.

Alle foto: VTKN