Nyheter  Tirsdag 24. november 2020

Oppdatering om tilskotsordningane våre hausten 2020

Mange av dykk har spørsmål rundt dei ulike støtteordningane våre no. Her kjem ei klargjering av kva som gjeld for dykk denne hausten.

Adobe Stock 239823160

Konsertstøtte

Til dykk som har fått innvilga konsertstøtte for hausten 2020

Dersom de…
…har gjennomført, rapporter de på vanlig vis. Dersom de har hatt kostnadar i samband med avlysing av konserten rapporterer de som vanleg.

…ikkje gjennomførte, men vil utsette konserten til vår 2021, kan du fylle ut dette skjemaet: https://form.jotform.com/203273132708348

…avlyste, og heller ikkje vil utsette konsertstøtten, sender de berre ein e-post om det til oslo(a)musikk.no

Opplæringstilskudd (VO)

Etter nok eit spesielt halvår er tida snart inne for å registrere ferdig kurs i KursAdmin. Mange veit allereie no at dei er ferdige med øvingane for i år, og er allereie klare – dess tidlegare, dess betre!

Men – Vårkurs 2021 skal ikkje førast i KursAdmin!

Vårkurs 2021 skal nemleg førast i den nye tilskotsportalen som har vore under utvikling lenge, og er ute for testing i utvalde testfylke akkurat no. Vi beklager sterkt til dei som allereie har brukt tid på å registrere vårkurs i KursAdmin, men heldigvis gjeld det ikkje mange.

Vi i Oslo musikkråd skal bistå med hjelp til føring av kurs i det nye systemet, som skal vere betydeleg enklare for brukar enn KursAdmin. Musikkens Studieforbund har sagt at det vil vere tilgjengeleg for dykk å registrere kurs i løpet av veke 50.

Så inntil vidare - begynn å avslutte prosessen med haustkursa! Kort sagt gjeld det same som for vårkursa i år, men Musikkens Studieforbund har laga ei rettleiing på korleis ein skal rapportere haustkursa her: https://www.musikkensstudieforbund.no/nyheter/nedstenging-høst

Fristen for rapportering av haustkurs er utsatt til 8. januar 2021.

Stimuleringsmidler

Til dykk som har søkt Stimuleringsmidler, men berre delvis, eller ikkje har, gjennomført tiltaket - send oss ein e-post! I dei fleste tilfelle vil det vere mogleg å omdisponere midla til 2021, men det må godkjennast av oss.

Om de har noko som helst slags spørsmål rundt dette – send oss ein e-post!