Inspirerande UKM-konsert på Sentralen!
UKM Oslo inviterte til skulekonsert på Sentralen i går, tysdag 5. februar. Formålet var å inspirere ungdommen til å melde seg på årets UKM!
![UKM-konsert på Sentralen 2019](https://musikk-no.imgix.net/images/Oslo-Musikkrad/UKM/DSCF2739.jpg?auto=compress%2Cformat&bg=%23FFFFFF&fit=clip&fm=jpg&q=90&w=800&s=5e89d4c29bd009b2aee8152aef2b5293)
UKM Oslo hadde invitert nokre av innslaga frå fjorårets UKM for å vise breidda og inspirere skuleelevane. Showkonferansier var UKM-veteran frå Larsnes, Herman Brune Leikanger. Han ynskte velkommen i ekte showmanstil med ein forrykande trommesolo og lysshow!
![UKM-konsert 2019](https://musikk-no.imgix.net/images/Oslo-Musikkrad/UKM/DSCF2668.jpg?auto=compress%2Cformat&bg=%23FFFFFF&fit=clip&fm=jpg&q=90&w=600&s=fc306e51c0cd40549b01a6133ef1323c)
Først ut var 13 år gamle Magnus Arthur Krane som spelte "Morgenstemning" av Edvard Grieg – imponerande etter berre eit år med pianoundervisning!
![UKM-konsert på Sentralen 2019](https://musikk-no.imgix.net/images/Oslo-Musikkrad/UKM/DSCF2683.jpg?auto=compress%2Cformat&bg=%23FFFFFF&fit=clip&fm=jpg&q=90&w=600&s=3b67528afe5c59847e8b612e7f240442)
Vidare skulle vi få sjelfull song frå Sofie Fliflet Sollie, med funky gitarkomp frå Haris Smailagic. Det er nok ikkje siste gongen du høyrer hennar namn!
![UKM-konsert på Sentralen 2019](https://musikk-no.imgix.net/images/Oslo-Musikkrad/UKM/DSCF2703.jpg?auto=compress%2Cformat&bg=%23FFFFFF&fit=clip&fm=jpg&q=90&w=600&s=3c6989c0e25f9fa7399c9875ae450f43)
UKM er ikkje berre musikk. På UKM kan du delta med alt frå kunst, teater, standup, video – og dans. D-Quetra er ein dansetrio frå Dyana Tedros, Joanne Barruela og Milena Tedros. Her var wow-faktoren høg! ...og jubelen frå publikum likeså!
![UKM-konsert på Sentralen 2019](https://musikk-no.imgix.net/images/Oslo-Musikkrad/UKM/DSCF2774.jpg?auto=compress%2Cformat&bg=%23FFFFFF&fit=clip&fm=jpg&q=90&w=600&s=ce72bf698e95bf3a4b222a04161b6209)
Fyah Yardie deltok i fjor på MGPjr og var kjent for mange i publikum. Han leverte med stor overbevisning vers på vers om det å vere ung i dag. Høyr berre på låta "Lære" HER
![UKM-konsert på Sentralen 2019](https://musikk-no.imgix.net/images/Oslo-Musikkrad/UKM/DSCF2828.jpg?auto=compress%2Cformat&bg=%23FFFFFF&fit=clip&fm=jpg&q=90&w=600&s=100b0ee3c292b9e5d39d0d12ac1ab0e5)
Kvikt og Hurtig avslutta den vesle konserten. Nei, det er ikkje slik at dagens unge berre lagar EDM på PC-en. Ikkje at det er noko gale med det, men det varmar nok nokre musikarhjarte å høyre eit vaskeekte band med stor B! Med halvabsurde, poetiske tekstar om alt frå den store kjærleiken til ei avdøde kjæledyrsrotter. Alt dette pakka inn i eit deilig retro softrockunivers!
På UKM får du moglegheita til å prøve ut kva som helst framfor eit begeistra publikum. Ha det som ein tradisjon - "Kva skal eg delta med på UKM i år?". Så oppfordre alle ungdommar du møter til å melde seg på UKM - det kan vere skilsetjande!
Meir informasjon om påmelding finn du HER